top of page

GUNNVEIG NEROL

2. mai – 25. mai 2024

TIDSROM

Utstillinga viser tegningar og måleri, dei fleste signert 2024.


Gunnveig Nerol arbeider mest i abstrakte romkonstruksjonar. Ho brukar biletarbeidet som ein stad for refleksjon. Tid, rom og endringar er tema i arbeida hennar i denne utstillinga. Mange opplever endringar i sine liv, dei kan kome brått og uventa, og få konsekvensar. Tegningane «Omveltning» ønsker fortelje om dette. Tida kjem mot ein og tar eit grep ein kanskje ikkje kjenner med det same, men ein blir slynga med og inn i ulike kvirvlar. 


Farge og rom på flaten i utformingar som kan skape forteljingar og kanskje attkjenning er eit mål for kunstnaren. 


Gunnveig Nerol bur og arbeider i Hol i Hallingdal midt mellom Oslo og Bergen. Ho var elev i fyrste kullet ved Kunstskolen i Kabelvåg 1983-84, og var med på jubileumsutstillinga i haust som vart vist 3 ulike stader i Nordland fylke.


Ho har gått på Vestlandets Kunstakademi og studerte deretter 2 år i Japan i Kyoto med Japansk Statsstipend. Kanskje er nokon av inntrykka derifrå framleis å finne i hennar biletarbeid. 


Nerol har hatt ei rekke separatutstillingar og delteke på mange gruppeutstillingar. I 2022 vart ho invitert med på åpningsutstillinga til Nasjonalmuseet der ho deltok med sandblåste glasmåleri. Ho arbeider med fleire materialuttrykk og brukar visuelle overgangar mellom dei ulike uttrykksformer. Ho har utført fleire større utsmykkingsoppdrag i ulike glasmåleri-teknikkar.


Gunnveig Nerols heimeside: https://nerolglass.com

Velkommen til utstillingsåpning torsdag 2. mai kl. 18!

Tidsslynge 2_1_50x50cm, olje på lerret_2024_edited.jpg
bottom of page